Stabburet vårt.

Stabburet vårt.

lørdag 15. november 2008

Enda en moltetur !


Eg gjekk i moltemyra

det regna

Hadde kome nokre toreskrall også,

Men det var bra med bær dette året

så eg ga meg ikkje

Godt å ha fri fra dagens plikter !

Eg hadde kome ned til Jommetjønn

Bøgde meg ned her og der for å ta nokre molter

Brått får eg auge på ein elg

Han er på veg mot åsen bak meg.


Den bråstopper, bak ei lita furu,

trur seg gjøymt slik

Eg står bom stille,

Flott dyr, halvannetåring kanskje ?


Oksen kikkar på meg, er visst nysgjerrig

Lurer på kva det er for skapning

som tuslar omkring på hans område?

Vi står slik og ser på kvarandre ei stund

Så ruslar elgen vestover

og eg går videre til mitt


Dagen blir straks rikare

Kjenner meg i ett med naturen

Tenk for ei gåve, eg kan gå i skogen

Sanke bær, sjå elg og rådyr somme tider


Eg set meg ned på ein bergnabbe

ser utover

Nyter livet !

Ingen kommentarer: