Eg har eingong hørt - Du skal sjå det store i det små ...
Eg øver meg på det nå !
Når eg går aleine - prøver eg å sjå alt
Og alt er jo som eit under
Eg såg mennesker;
Unger - små og større , dei ler, og gråter i neste sekund.
For så å bli trøsta av mor eller far,
Ler igjen og springer videre..
Eg såg vaksne, travle mennesker
med raske steg og bestemte blikk- haste videre mot - hva da ?
Gamle mennesker med meir langsomme steg
To som stør hinannen over vegen
Eg gjekk i skogen ned mot stranda,
Og eg såg -
Blomar, busker og trær
Unge og gamle
Eg såg ei lita plante - eføy -
Som grodde på bakken og voks oppetter store trær,
feste rota si i barken, og levde av den same næringa som treet skulle ha ..
Eg sette meg på ein stein
og eg såg ...
Bølgene kom mot stranda og blei knust -
Til kvitt skum -
Eg såg utover, på eit mørkeblått hav ..
Videre utover,
til eit sølvskimrande hav,der sola nådde ned gjennom gliper i skydekket
Og eg såg - at jorda var rund,
Og eg høyrde bruset - fra vinden
Og bølgene - som brast til kvitt skum ved beina mine ...
Alt dette såg EG, eit lite fjellmenneskje,
Mens eg vandra på stranda utafor Rønne !!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar