Stabburet vårt.

Stabburet vårt.

lørdag 8. november 2008

Elgemøte på moltetur




Det var uti august, ein varm og fin dag

Eg hadde vori i fjellet

Måtte sjå til moltemyrane,

om det var noko

Eg får ikkje fred på meg

før dei er skygna

Det er ikkje så nøye

om det er mykje bær

Berre eg får gått runden


Det blir mest som ei jakt

spenninga når ein kjem

fram til neste myr

- Her skulle det vera bær,

det var mykje her i fjor -


Å - det lyser gult bortetter

Fram med spannet

trå forsiktig!

må ikkje øydelegge nokon ...

Etterpå er det godt å setta seg ned

med nistepakka og kaffekoppen


Eg går videre, kjem innpå ei myr som eg må krysse

Midt utpå er det ei tuve

Tenkjer ikkje så mykje over det med det same

Før eg kjem ganske nær; Tuva leer på seg !

Det er eit dyr ! Ein bjønn ?

Ein elg !


Eg går stille bakover, i eigne fotspor

Elgen lyfter på hovudet og glaner;

Kva vekte meg ?

Eg står i kanten på myra, ser på dyret som ligg der

Er det dårlig ?

Eller sint ? Fordi eg kom brasande her

når det skulle kvile ?


Elgen reiser seg opp, spring framleis ikkje vekk

Eg har skjorta mi i handa, viftar med den

- kom deg unna, du står midt i vegen for meg -


Endelig skjønar den,

Det er ikkje eit dyr som trår i myra, men eit menneskjekryp -

som vil heimatt !

Ha det bra vesle elg, håper du slepp unna jegerane i haust !!


Eg ruslar videre...

Dagen er redda, fullt spann, og sett elg attpå te !

Ingen kommentarer: