Stabburet vårt.

Stabburet vårt.

onsdag 24. november 2010

Mere juleskikker

Tov Flatin's juleskikker forts.
Etter at de hadde bada og tatt på seg reine klær
Blei det servert en dram til alle.


Daa fysst var jola komi.
Daa kom jolematen fram. Midt paa borde skulle det store smørspannet stande; det kunne vega baade eit og tvo bismarpund, og skulle staa der til trettanhelgja. Rundt ikring var det heile stablane med med kling og kake, brød og ost og ikkje aa gløyme lutefisken, som var det gjevaste den kvelden. So vart det store joleljoset tendra og sett i ein blank massingstake paa skaape
Daa fysst hadde jola komi
Men fyrr dei gjorde seg til gode av alt paa borde, laut hesten og kkrøtera faa mat. Dei au skulde ha ein sers godbite den kvelden, og for kvart dyr som kjerringa gav sa ho:
" I kvell e' de' loleftaen"
Det same sa mannen naar'n gav hesten
Daa dei kom innatt, sette store og smaa seg rundt joleborde, og tok til seg det meste dei orka.
No va det tida aa kjenne paa ølet au. Ein stor bolle vart tappa i og sendt rundt, og kvar og ein saup, som han hadde hug til. Og ein dram attaat fisken, det laut til, og sume tok tvo og sume mange
Det var ein ting dei maatte vare seg for, naar dei sat og aat; dei maatte ikkje sjaa under borde datt det ned noko, laut det liggje, til dei var ferduge med etinga
Leng utpaa kvelden aat dei igjen. daa kom rjomegrauten paa borde, og sume hadde grisesteik attaat.
Kva dei so gjorde jolekvelden, so maatte dei kje gløyme haugetussen. Han maatte faa eit fat med rjomegraut og ein bolle med øl i fjøse. Um morgonen var koppane tome, men dei graa vottune sine hadde han jamnastgløymt att paa fjøskrakken.......

Ingen kommentarer: