Litt mer fra boka til Tov Flatin :
Fysste joledagen skulde alle holde seg heime, sonær som som dei som gjekk i kyrkja.
Var det nokon som braut skikken, vart det gjort til det, at han vilde snikje seg til drikkande.
Det vart koka kjøttmat til middags.(fersk suppe)
Naar dei passa paa og fløyte av feitte på kjøttgryta og sette det burt so det storkna, so kunde dei sjå um det var feige folk (om noen skulle dø) i huset i aare som kom, for daa vart det dompir i feitte. Dei bruka ogso aa brjota havrebrød i sovore feitt og blanda sirup i; det kallast mylju, og dei aat det maal-millom
Annandag so tok dei til aa fara paa vitjing og kjenne paa jolekosten aat einannan, og dagane utover til nyttaar vart det haldi mange jolelag kringum paa dei største gardane i bygda.
Daa gjekk det ofte uvyrde til, med drykk og dans og kjempeskap.
Og hadde dei fyrst komi i surren, so heldt dei paa eit bil.
Naar øl og brennevin var til ende paa den eine stella, so flutte dei paa ei onnor, og so helst det.
Og gange jolebukk er enno (1917) i bruk, men ikkje naame nær so mykje som fyrr, daa det kunne vera store flokkane aa sjaa til kvar einaste kveld. Det galdt aa kleda seg ut so ingin kjende ein. Karane hadde gjerne kvinnfolkklæde paa seg, og kvinnfolka karmannsklæde....
Paa kvar garden fekk deg jamnast øl og dram, og so hadde dei med seg munnhorpur og fløytur og anna aa spila paa. Og so dansa dei so det sto etter - Og det ringla og læt i bjøllur og tingel og anna skrammel, som dei hengde paa seg. So gav dei seg ut for fehandlarar og kræmarar og doktora og sovore og vreid seg um i maalet og rødde og svinga til svalle sitt, lentugaste dei kunde faa det til - til stor moro. (de forandra på språket og praten og gjorde om stemma si det beste de kunne) Det var no helst ungdomen som gjekk jolebukkar
Mer siden en gang .....:)
1 kommentar:
bilde over her er onkel sitt, to av søskenbarna mine
Legg inn en kommentar