Stabburet vårt.

Stabburet vårt.

torsdag 24. januar 2013

Gardkjerringvise

 
Gardkjerringvise
Av Sverre Hatle
 
Denne kom til meg som julebrev !
 
Kven var det som gjekk overalt
og strødde varme, lys og salt
så ikkje nokon fraus og svalt?
 
Som bruka kost og klut og solv
på ku og kjørel, tun og golv
og bad til dugurds klokka tolv?
 
Som breidde møkk og breidde torv
og baka brød og blanda korv
og mata born og mata sporv ?
 
Som glørne utor oska grov
og spann og strikka, song og vov
og la seg når dei hine sov ?
 
Som stelte jord og stelte jur
og pynta lik og pynta brur
og, som bar heile vår kultur ?
 
Så spør du meg du silkesnobb
med sminkefjes og øredobb
Gjekk ikkje kjerringa på jobb ?
 
 

Ingen kommentarer: