Stabburet vårt.

Stabburet vårt.

søndag 18. november 2012

Frieri

 
 
 
Litt om "natteløberi"
 
 
Her om kvelden hadde jeg ikke noe lesestoff da jeg skulle legge meg, og en bok må jeg ha mellom hendene før jeg sovner
Jeg sjekka i bokhylla og fant ei gammal bok med bokbind av julepapir !  Den skal jeg jamen lese litt i tenkte jeg, det er lenge siden sist jeg hadde tak i den;  Gamalt fra Numedal, av Tov Flatin
Jeg trur jeg har referert fra den her i bloggen før, men den er så artig at jeg våger å ta med litt mer.
Alle de gamle bildene vi kommer borti, pluss de jeg har fått fra onkel Konrad gir næring til fantasien !!
Og boka gir "eksempler"
Bildet over her viser tre kjekke karer, de måtte jo ut å finne seg en dame, og de treftes ikke på "puben" den gangen.
Neida, de gikk på stabburet om sommeren og banka på der:
 

"Når laurdagskvelden kjem so fær gutane liksom meir sprett i leggine, enn dei har havt heile viko og så anvint at det er reint spøkjeleg.
Fysst e det å få raka av seg skjeggstubbane og få vaska seg væl. Og so e det å byte klede.
Er dei kje avholdsfolk som det elles er mange av rundt i Numedal no, so fyller dei på den vesle lummelerka, som dei kanhende dei hev ervt etter far sin, stikk den i vestelumma, og har dei då attåt ei dropsestrylle eller noko sjokolade, eller båe slaga, so veit dei av gammal røynsle at gjentune ikkje har noko sers imot om dei tek med det heller
Og so stryk dei på frieri
Når guten kjem fram der han vil, so stiller han seg upp på butrammen og lyder om det er nokon fyre han inne hjå gjenta, for vi tenkje oss det e ein av dei fysste gongene han er her til soleis
Høyrer han ikkje noko, dunkar han i nokre vendur med olbogen i budynna (stabbursdøra) tek upp lummekluten, held seg for nasen, vrir om på mæle og tek til å svalle (snakke)
"Di fær vakre på dikkan no gjentur og vri dekkan ifrå dessa frieran å kåmma å læta upp fær us !
Men gjenta kan ikkje svara med det same, kan du vita. Elles kunne dei tru ho va so altfor kruksi etter friarar. Guten dunkar i dynna en gong te å held på med rødun (pratinga) sine
"dekunne vel svælle lite i dekkan, de er so stussle å sitta her å svælle me seg sjøl au atte !
di har vel ikkje kjeften full av friarar om di har senga full"
Gjenta snur seg og kremtar, men seier ikjje noko
"det va rekti bra  di tok  te å lea på dikkon, nå kjem di vel å letopp så vi fer sjå
 dessan friean dekkas"
Stilt
Ja men de kan vel i det minste sei et par uvanne ord te us som e ute i kveld, de sku vara moro å høre om det e mål i jentun om ikkje anna"
"det e fælt så håse de har vørti, je skjønner dikkan ikkje je " seier det inne i senga. 
Ja når di sku sitta på butrammen å skvakke heile natta, så vart di vel håse di au tenkje je, men nå kan det vel hende di gjer dekkan so morosamme at di kjem å let-upp "
"Di får nå svælle rekti' fysst, je kan ikkje leta upp fær folk som je ikkje kjenner" 
Ja så lyt guten til å bruke sitt vanlege mål og tykkjer då gjenta um han, så har ho på seg kleun og sepper'n inn
Så e det fram med fyrasken og til å leite etter friaran som'n væl veit ikkje er der.
Når det er gjort så set'n seg innpå sengekanten og skal skjenke gjenta. Han tryglar og byr, til han fær truga ho til å væte leppun tri vendur
So tek'n seg en liten slurk sjøl og gjøymer flaska og fram med dropsestrylla og sjokoladen
Og ho fer so mykje at ho ikkje orkar å ete undan, men må gjøyme litt under puta til sea ein gong
Når det lir på litt so hallar han seg nedpå senga, og kanhende har han sovidt rom i barmen, at han fær et rom i armen au. Og dei ligg der å røder med hinannen i all sømd og klunkar på hjartestrengine.
Og timane glid so fort avstad at dei veit ikkkje av fyrr toppen tek til å gala utpå tunet, so det svarar i nutane, og guten må på heimvegen, ska'kje nokon få sjå'n.......
Då han kjem ut i den fagre sumarmorgonen gyller sola dei øvste fjelltindane og fuglane jublar og syng..........
 


Ingen kommentarer: